top of page

Bygland Triatlon

Laurdag 19. juli kl. 10:00

DSC00498.JPG

1500 m svømming
40 km sykling 
10 km springing

Bygland IL arrangerer for andre gong kraftprøva Bygland Triatlon den 19. juli i naturskjønne omgjevnader. Her får du mogelegheita til å utfordre deg sjølv gjennom svømming, sykling og springing. Arrangementet er ope alle uansett erfaring og ferdigheitsnivå.

Ein smak frå
prøvearrangementet i 2024

Foto: Roald Kvaale Skibsrud / Flaks Film

Etappar

Ofte stilte spørsmål

  • Kor god form må eg vere i for å klare Bygland Triatlon?
    Du bør vere i ein form slik at du klarer å gjennomføre normaldistansa på under 5 timar. Dette er altså svømmedelen på under 1,5 timar, sykkeletappen på under 2 timar og springedistansa på under 1,5 timar. Med kontinuerleg og allsidig trening klarer du dette!
  • Korleis bør eg trene til Bygland Triatlon?
    Triatlon er ein idrett som speler på allsidigheit. Ergo er alle formar for uthaldstrening (ballsport, skisport, turar på heia, vedhogging) god trening. Ein bør ha prøvd seg spesifikt på svømming, sykling og springing slik at ein kjenner seg trygg på kropp og utstyr. Legg også inn nokre lange økter slik at du er førebudd på halde ut den tida det vil ta. Ein treng ikkje å trene på alle tre greinene kvar gong ein trener mot eit triatlon, men det kan vere lurt å gjere nokre såkalla “brick sessions”, altså to av greinene rett etter kvarandre.
  • Eg kan ikkje krål - kan eg framleis vere med?
    Ja, så lenge du klarar svømmedelen på under 1,5 timar er alle svømmeteknikkar tillate. Me minnar om at flyteelement eller bøye ikkje er tillate.
  • Fins det kortare versjonar av Bygland Triatlon, eller er det mogeleg å melde på lag der etappane ikkje utførast av same person?
    Nei, denne utgåva består kun av olympisk triatlon.
  • Korleis gjer eg eit triatlon?
    Underteikna leverte følgjande i faget Visuell Formidling, og kan vonleg gjere noko nytte på denne sida.
  • Kor langt er eit triatlon?
    Lengda på triatlon kan variere, men Bygland Triatlon er eit olympisk triatlon, altså: 1500 m (1,5 km) svømming 40 km sykling 10 km springing
  • Kva er rekkjefølgja på etappane?
    Rekkjefølgja er tradisjonell – først symjing, deretter sykling og til slutt springing. Overgangssonene er tydeleg merka og tilrettelagde for god veksling mellom dei ulike disiplinane.
  • Kva bør eg ha på meg?
    Det er eit hav av utstyr ein kan kjøpe inn og bruke triatlonsporten. Underteikna rekner lell utstyret skildra i plakaten under spørsmålet “Korleis eg gjer eit triatlon?” som normalen. Under våtdrakta har du optimalt sett på deg noko du kan sykle og springe i, altså ein triatlondrakt eller anna tettsittande klede som sykkelbukse/springetights og springeskjorte. Om ein vil ha på svømmebriller er opp til kvar enkelt, men det er anbefalt. I skiftesona legg du klar klede du kan ta på deg på sykkeletappen. Om ein vil ha på sokkar, hanskar og solbriller er opp til kvar enkelt.
  • Kva for noko utstyr treng eg for å vere med?
    Til svømmeetappen treng du våtdrakt. Ved unormalt høge temperaturar tillet me svømming utan våtdrakt, men det er særs usannsynleg. For dei fleste held ein rimeleg våtdrakt. Utlevert badehette må nyttast som ytste badehette. Til sykkeldelen treng du sykkel, hjelm, eigna klede og sko. Det er mogeleg å nytte seg av hybrid- eller terrengsykkel, men racersykkel er anbefalt. Til springinga treng du eigna tøy og springesko. Reglar og krav gitt av Norges Triatlonforbund gjeld. Mer om dette kan du lese her: https://www.triatlonforbundet.no/om-triatlonforbundet/konkurranseregler/.
  • Korleis fungerer overgangen mellom etappane?
    I forkant av konkurransa set deltakarane fram det dei treng til sykkel- og springeetappen på tilvist plass i skiftesona. Når ein kjem opp frå vatnet etter svømmeetappen blir ein leia inn i dette området. Her finn ein sin plass og skiftar. Ein trillar så sykkelen ut av skiftesona og syklar vidare. Etter sykkeletappen trillar ein sykkelen tilbake til sin tildelte plass, skiftar til springetøy og spring vidare. Etter målgang hentar ein utstyret sitt ut av skiftesona.

Friviljuge

Bygland Triatlon kan ikkje arrangerast utan friviljuge, så meld deg gjerne som funksjonær om du ikkje har tenkt å delta sjølv ved å trykke på knappen under!

PR

Reportasje i Setesdölen

Bilete frå 2024

setesdolen.png
drive.webp
Fleire spørsmål?

Iver Kvaale Skibsrud: 47923118

Bergtor Haugå: 97776774

Bygland IL

Finn du ikkje det du leitar etter? Eller har du nokre spørsmål til ledelsen? Ikkje vær redd for å kontakte oss på telefon eller mail. Du finn styret i Bygland IL under "Om oss".

Email: post@bygland-il.no

Organisjons.nr: 986 861 084

Grasrot Plakat Liggende.png
Vår hovudsponsor:
e-h logo.png
bottom of page